Verdscupen i skihopping 2007

Verdscupen i skihopping 2007 omfatta 24 individuelle tevlingar og 2 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 24. november 2006 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 25. mars 2007. Dei 24 individuelle tevlingane fordelte seg på 18 i storbakkar og 4 i skiflygingbakkar.

Adam Małysz frå Polen vann den store FIS-premien for fjerde gong, fire år etter den førre triumfen. Han sigra i 9-ni enkeltrenn, dei fleste i siste delen av sesongen. På andreplass i verdscupen kom Anders Jacobsen frå Noreg.

Austerrikes hopparar samla flest poeng, med Noreg og Finland hakk i hæl på andre- og tredjeplass.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy